LEAF - Linking and Exploring Authority Files
2001 - 2004
Prosjektet utviklar ein modell for eit distribuert søkjesystem som skal utnytta eksisterande autoritetsfilar for namneinformasjon. Siktemålet er å etablera ein felleseuropeisk namnebase innanfor kulturarv-sektoren, som m.a. byggjer namneutvalet på brukarbehov og bruksfrekvensar. Prosjektresultatet skal implementerast som ei utviding av den eksisterande søkjetenesta på moderne manuskriptkatalogar, som er etablert av eit konsortium etter det avslutta MALVINE-prosjektet. På lengre sikt opnar prosjektarbeidet for å etablera ei internasjonal fleirspråkleg informasjonsteneste om personnamn og korporasjonar. Implementeringa av LEAF-modellen vil på denne måten demonstrera korleis ein dynamisk namnedatabase kan betra søkjetilhøva i slikt kulturhistorisk materiale. Forskergruppa skal spesielt arbeida med ein revidert internasjonal XML-DTD for namneinformasjon og bruken av denne i konverteringa mellom ulike namnedataformat.
Prosjektsider
Prosjektleder
Per Vestbøstad
Kontaktperson
Per Vestbøstad

