Menota - Arkiv for nordiske middelaldertekster
Målet med dette prosjektet er å byggje opp ein tilstrekkeleg brei tekst- og verktøybase for Medieval Nordic Text Archive.

Det vil skje gjennom tilpassing av den standarden for tekstkoding som er utarbeidd av Text Encoding Initiative, overføring av eit større gammalnorsk tekstmateriale dataført av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo, oppbygging av grunnstrukturen i ein norrøn ordbank, utvikling av rutinar for halvautomatisk lemmatisering av norrøne tekster, og gjennom vidare edisjonsfilologisk arbeid med Heimskringla-tekstene, i samarbeid med Heimskringla-prosjektet i Oslo.
Prosjektsider
Lenke til dei allmenne Menota-sidene.
Lenke til Menota tekstarkiv.
Kontaktperson
Odd Einar Haugen / odd.haugen@nor.uib.no

